Skrivedidaktikk

Skrivedidaktikk
Utgivelsesar: 2016
Antall sider: 214
Forlag: Universitetsforlaget
ISBN/EAN: 9788215027111
Sprak: Nynorsk
Kategori: Pedagogikk
Forfatter: Anne Håland

Korleis kan læraren støtta opp om elevane si skriveutvikling på de ulike faga sine premissar?Skal du verkeleg læra deg eit fag, må du læra deg språket og skrivemåtane til faget. Kvart fag har særeigne måtar å bruke språk på og fagkunnskapen blir formidla gjennom desse skrivemåtane. Naturfag har sine måtar å bruka skrift på, norskfaget har andre. Desse skrivemåtane må læraren visa elevane sine.



Forfattaren presenterer ulike typar av støtte i skriveundervisninga som kan gi målretta og variert skriveundervisning i ulike fag. Ho viser korleis skriving i dei ulike faga bør skje i heilskaplege skriveprosessar knytt til den fagspesifikke tekstkulturen som finst i faget.

Boka er delt opp i ni kapittel. Det første tek for seg kva skrivekompetanse er i ulike fag og presenterer nokre viktige prinsipp for god planlegging og gjennomføring av skriveundervisning.

Dei fem neste kapitla er praktiske og viser fem ulike måtar læraren kan byggja stillas rundt skrivinga til elevane: ved hjelp av iscenesetjing av kommunikasjonssituasjonen, modelltekstar, skriverammer, språk og samtale. Dei siste kapitla handlar om vurdering og prosess-skriving.

Boka har eit vell av gode eksempel frå alle trinn i grunnskulen og frå ulike fag som norsk, naturfag og samfunnsfag, både elevtekstar i utvikling og undervisningsopplegg. Skrivedidaktikken er utvikla i tråd med ny skriveforsking. Dette er viktig lesing for alle som arbeider med skriving i skule og lærarutdanning.

Skrivedidaktikk. I boka Skrivedidaktikk presenterer Anne Håland ulike typar av støtte i skriveundervisninga som kan gi målretta og variert skriveundervisning i. Kåre Kverndokken er dosent i norskdidaktikk ved Høyskolen i Buskerud og Vestfold. Han arbeider først og fremst med lese- og skrivedidaktikk, læremiddelkunnskap og. Ny bok: God leseplanlegging.

Mange lærere får en aha-opplevelse når de planlegger undervisningen «baklengs». Det er prinsippet bak den nye boka «God. Kåre Kverndokken er dosent i norskdidaktikk ved Høyskolen i Buskerud og Vestfold. Han arbeider først og fremst med lese- og skrivedidaktikk, læremiddelkunnskap og. God skriveopplæring starter samme dag som elevene starter på skolen.